Norges eldste lensmann takker av

Odd Kulø 1
Odd Kulø var landets yngste lensmann då han vart tilsett, no - i ein alder av 69 år - er han landets eldste lensmann i teneste. (Foto: Eli Anne Tvergrov)

- Det er litt vemodig. Eg har ikkje sett fram til dette, sjølv om vi kan seie at det er ei tid for alt. Det sa Odd Kulø, den verkelege veteranen i Møre og Romsdal politidistrikt, da han tysdag vart takka av med ei markering på Sunnmøre Folkehøgskule i Ulsteinvik.
Men 69-åringen, streka under ein ting då han han stod framfor ei stor gruppe kollegaer og tok farvel: - Det har vore 48 år med høg trivselsfaktor i ein god etat med gode kollegaer.

Tekst: Olav Sindre Rise

Det heile starta som midlertidig politikonstabel i heimbyen Molde i februar 1969. – Ein veteran på kammeret i Molde kunne fortelje oss ferskingane at politiet hadde ansvaret for det ingen andre samfunnsinstitusjonar ville han noko å gjere med.

Ville bli i 2-3 år
- I 1971 tok han med Lisbeth –som skulle bli kona – til Ulsteinvik og ei stilling som lensmannsbetjent ved Ulstein lensmannskontor i Hareid. – Vi rekna med å bli to-tre år, men no er vi her altså framleis, heldt hovudpersonen fram.
Sjølv illustrerte Kulø den mangeslugne yrkeskarrieren med å trekke fram to store saker som han hugsa godt.
- I 1974 då politiet Ørsta etterforska det som for alltid vart heitande Anthonsen-saka, var ein av 14 hundeførarar frå heile landet som leita etter den sakna jenta.
Og 40 år seinare - i 2014 fekk eg det stygge Hareid-drapet i hendene som lensmann.

Lite krim-teknikk
Frå første tida ved lensmannskontoret minnest han særleg at det var lite tekniske hjempemiddel tilgjengeleg når straffesaker skulle etterforskast og privatbilen måtte brukast til alt – også transport av arrestantar.
- Men vi hadde heller ikkje dei same krava hengande over oss som vi har i dag. Det var ingen som snakka om saksbehandlingstid og oppklaringsprosent, heldt han fram.

Veteranen dvelte sjølv litt ved det samantreffet at han i 1982 vart landets ynge lensmann, då han avløyste Einar Orten, men at han i dag så-og-seie på fallrepet, er landets eldste lensmann.
Då han oppssummerte politilivet sitt under markeringa i Ulsteinvik, kom Kulø stadig tilbake til at han hadde hatt det bra gjennom desse åra.
- Eg har fått oppleve ein politietat i rivande utvikling og utviklinga har heile tida vore til det betre.

- Alltid nøyaktig
Gjestane stod formeleg i kø for å få helse den vordande pensjonisten under samankomsten tysdag.
Ørsta-lensmann Guttorm Hagen, som også er driftseiningsleiar frå Søre Sunnmøre, framheva særleg presisjonivået i alt det Kulø har føreteke seg.
– Alltid nøyaktig og til å stole på. Når kontrollorgana kom for å inspisere Ulstein og Hareid lensmannskontor, hadde dei aldri noko å merke til det arbeidet som var utført.

Hagen peika også på at dagens 69-åring alltid var rask til å ta i bruk nye ting. – Då kontora fekk datautstyr, var det mange lensmann som ikkje ein gong pakka det ut. Men Odd var ivrig etter å kome i gang og utnytte dei muligheitene som låg i nyvinningane. Det var han som mellom anna første gongen viste meg ein PowerPoint-presentasjon, la Hagen til.

Odd Kulø 2
Lensmann Guttorm Hagen overrekker portrett av hovudpersonen. (Foto: Eli Anne Tvergrov)

Arbeidskapasitet
Politimeister Ingar Bøen drog særleg fram den store arbeidskapasiteten til Kulø.
- Då du leia eit utviklingsprosjekt i politidistriktet for nokre år sidan, var vi nesten redde for at jobba for mykje, men du greidde deg gjennom det. Stilte alltid godt budd i møte og ausa av kunnskap, sa politimeisteren.

Bøen mintest også den store drapssaka på Hareid i 2014 då Kulø hadde ansvaret for alt det administrative – effektivt og grundig.
- Eg har ikkje opplevd ei så god tilrettelegging tidlegare, repliserte Oscar Lilleås som var politifagleg ansvarleg for drapssaka.
- Faktisk avslo han søknader om overtid, før dei var leverte, fastslo han og utløyste lattersalve frå forsamlinga..

Ulstein-ordførar Knut Erik Engh gjorde seg til talsmann også for sine forgjengarar då han helsa Kulø under markeringa tysdag.
– Du har aldri vore redd for å seie frå når du har meint at noko ikkje var korrekt. Du har forstått at det er akkurat det leiarskap handlar om – å vere tydleg. Av den grunn har du også alltid vorte lytta til, sa ordføraren i Ulstein.

Det var ein rørt Odd Kulø som takka sine kollegaer då markeringa gjekk mot slutten.
– Dette har vore ein stor dag for meg. De har gitt meg mange gode minne, sa veteranen.
Og forsamlinga svara han med ståande applaus.

Publisert 21 juni 2017 09:33